Categories
vev

Dagens blomst til veving.

Er usikker på navnet men det er ein steinbedsplante som er midt i blomstringa nå.

Litt Photoshop magi, og vips så har man vevbare mønstre.

Categories
vev

Kjempegod kollega

Har komt eit hakk lengre med kollegaen, men det går smått nå for eg er inne i eit område som var utrulig detaljerikt.

eva300515

Det ser ivertfall ut som om ho vil bli glad (noko anna ville jo ha vært rart sidan eg brukar det mønsteret eg brukar) men noko særlig anna er det litt tidelig å sei.

 

Har gjort litt Photoshop magi på nokre tulipanar i hagen også, det er mulig gratisprogrammet Gimp kan gjære det samme, det veit ikkje eg da eg ikkje kan det, men har høyrt at det også skal være bra.

tulipan-7a tulipan-7b tulipan-7c

Bakgrunnen er eit teppe fra IKEA.

Eg vart ferdig med øyepartiet i dag så eg fjerna mønsteret for å bedre kunne sjå korleis det blir, vel resultatet under viser det.  Eg synest det ser OK ut (i vertfall gjennom renninga).  Så var det hatten, den blir nokk mykkje lettare.

evaxy]

 

 

 

 

 

 

Categories
vev

Snegle på tur

Var ute og gikk på tur i regnet langs østensjøvannet (litt om vannet her : http://www.ostensjovannet.no/) da denne krabaten dukka opp.  Eg syntest at det var veldig hyggelig at denne dukka opp da det er eit tegn på at vi har også andre snegler enn berre brunskogsnegle  ( ibiriasnegle).  Den er også mykkje trivligare å lage bilde av med sitt flotte hus på ryggen.

snegler på tur b snegler på tur

Categories
vev

Dagens tulipan til veving.

 

tulipan-4 tulipan-3

 

Categories
vev

Dagens visne blomst og løvetann.

Eg er veldig glad i Photoshop til å gjære om bilder til eit vevbart format.

I tillegg til å blogge om veveprosessen til min kjære kollega kunne eg ha tenkt meg å legge ut eit bearbeida bilde i ny og ne.  Kanskje er det andre som synest dei er fine, ellers ta ein titt på dei andre sidene der har eg fleire av dei.  Tanken er at dei skal vevast så dersom det er nokon som har lyst så er det heilt greit

visenblomst2

løvetann

Categories
vev

Kjempegod kollega

eva-5

Nå har eg vevt mesteparten av smilet hennar.  Eg er litt usikker (ser det best der eg ser gjennom renninga da det ikkje er så mange forstyrrande trådar der), men min kjære samboer seier at eg kan jo berre veve henne på nytt dersom det ikkje blir bra.  Også Munch malte mange versjoner av Skrik.

Categories
vev

Kjempegod kolega

Eg har lyst å dele med dere prosessen som må til for å omdanne eit bilde av min kjære kolega til eit vevd portrett. Henne har eg delt kontor med nå i mange år og nå skal ho dessverre gå av med pensjon i løpet av ca. 1-2 år.  Så i den forbindelse har eg lyst å veve eit portrett av henne.  Ho veit ikkje om det (veit heller ikkje om denne bloggen så ikkje sei det til ho dersom dere kjenner henne, vel det får dere vurde sjølv, men eg frykta at ho vil bli fryktelig sint på meg når ho finner det ut, før eller seinare vil ho jo det så eg kan kanskje ta støyten med ein gang, men da er det ikkje sikkert at eg kan fortsette å blogge er det det Norge og Verden ønsker?). Dear World do you still want me to blogg?

Her er bildet eg har av kolegaen ( beklager veldig at eg ikkje har spørt deg før eg la det ut).

Eg er veldig glad i Adobe Photoshop så eg bruker det programmet til å bearbeide bildet.  Under oppskrifter ser dere ein kjapp prosedyre for hvordan man kan gjere eit bilde vevbart.

 

Eg fant ein hatt på nettet som eg synest såg fin ut og satte den på hodet til kolegaen etter å ha justert størrelsen og brukt cutout filteret på den.  Eg la også på ny bakgrunn da eg synest den var veldig bråkete den bakgrunnen som var der fra før.  Bildet blir ikkje større enn 50-60X30-40 cm.

Når det gjelder det å finne elementer som man ønsker i bildet sitt så kjem utrulig mykkje opp når man søker etter det i Google.  Ein annan plass som er kjempe bra er wiki-art http://www.wikiart.org/

eva8 Eva9

Eg synest den blå-varianten var best men eg trur også den vil bli litt bråkete. Kolegaen er ei konservativ dame som eg trur ville ha valgt ein meir nøytral hatt. (men det hender jo at ho overraska rett som det er)

Eg har også forandra fargen på ansiktet og klærne ut ifra kva vev-garn eg har.

eva10

Kanskje blir denne varianten best.

Eg brukar faktisk 6 fargetoner på ansiktet hennar håper ikkje alt blir berre rot kanskje er eg nødt til å lage ho større enn eg hadde tenkt, eg må studere mønsteret.
Fargepaletten til garnet eg trenger for å veve Eva er valgt ut.  Garnet har mykkje sterkare og flottare farger en det bildet viser.  Eg kjøpte garn på MAS http://www.mas-s.no/ (nå er det nokk berre vi som går der som får lov til det)   ellers pleier eg å gå på husfliden.  Man kan også bestille vev-garn på nettet, dersom man skal ha litt vil nokk det lønne seg.  Eg er veldig glad i 2-trådet vevgarn med spelsau-ull fordi den er glansfull og relativt stiv men teoretisk kan man veve med kva som helst.  Når det gjelder det å hente inspirasjon til sine veve bilder så har vi ei veldig god norsk side her http://www.absolutetapestry.com/nb/  (det skulle man ikkje ha trudd utifra kva den heiter).  Ein annan kjempe bra amerikansk side er: http://americantapestryalliance.org/  Ellers kan man jo berre gå ut i naturen eller kor som helst og ta eit bilde som man så lar Photoshop gjære litt magi på.

.fargeeva veven

Nå er det like før eg er ferdig med eit bilde eg har holdt på med i eit halvt år.  Det er eit bilde av ei rar krukke som Erik lagde på ungdomskulen. (Det er for øvrig den samme krukka eg har plassert i bildet på toppen av sida)  Vel uansett på mitt veve bilde så har eg plassert nokre poteter på ein strikkepinne som eg  har satt ned i krukka og fotografert.  Dette har eg da vidare manipulert i Photoshop slik at det har blitt vevbart.  Eg må bli ferdig med det før eg kan begynne på Eva, når eg blir ferdig med det kjem eg til å legge det under billedvev-sida.  (Samboeren min meinar at eg bør sende det til mammaen min, eg trur at han fryktar at eg skal henge det opp heime hoss oss, kanskje eg skal gi det i julegave til han hm…)

Nå har eg endelig blitt ferdig med potetbildet.

renning av vev  Eg er klar for å renne veven til bildet med kolegaen.  Eg har eit stativ som er ganske hendig til renning av veven   men man må ikkje ha det.  Man renner slik at bildet blir liggande på midten av ramma.  Bildet blir 31 cm x  44 cm.

Her er bøker som er meir utfyllande som man får lånt på biblioteket (eller kjøpt).

 

 

 

 

 

Bildet under viser det ferdige mønsteret i riktig størrelse.  Eg har tilgang til laserprinter difor har eg berre klippa og limt mønsteret direkte.  Dersom man har blekk printer bør man dekke bildet med gjennomsiktig kontaktpapir så ikkje bildet farga av på tråden.  Eg har tegna kontur rundt dei ulike fargane med ein svart sprit tusj så det er lettare å skille ganske like fargetonar.  Nederst på renninga pleier eg å bygge opp renninga med to striper med tjukt papir (bretta sammen i mange lag) før eg vever med renningstråd fram og tilbake 10x. Eg setter så inn ein skillepinne som eg bruker å dra i når eg drar fram veven.  Vever så på nytt med renningstråd 10x fram og tilbake før eg avslutter med soumak kant.

oppskrift

teknikk

Soumak kanten gir ein god støtte når man begynner å veve med ullgarnet.  Plansjen over viser litt forskjellige teknikkar.

teknikk4

 

 

 

 

 

Dette har eg kanskje brukt 4 timar på.  Eg synest rød-lilla fargane blir nydelige sammen, dette blir gøy-

 

Vel det er fortsatt gøy men eg synest at skyggane gjorde hudfargen veldig mørk, eg kan ikkje sjå at eg har noko anna alternativ enn fortsette etter planen og nå går eg inn i dei vanskelige partia.

eva-4

 

 

 

 

 

 

Categories
vev

Hei, verden!

Velkommen til min blogg!  Eg ønsker å dele mine interesser innen diverse hobbyer og kunst med andre.  Mitt håp er at noen finner sida mi nyttig, interessan eller morsom (kanskje ikkje det siste for eg er overhodet ikkje morsom).

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.