Categories
vev

Kjempegod kolega

Eg har lyst å dele med dere prosessen som må til for å omdanne eit bilde av min kjære kolega til eit vevd portrett. Henne har eg delt kontor med nå i mange år og nå skal ho dessverre gå av med pensjon i løpet av ca. 1-2 år.  Så i den forbindelse har eg lyst å veve eit portrett av henne.  Ho veit ikkje om det (veit heller ikkje om denne bloggen så ikkje sei det til ho dersom dere kjenner henne, vel det får dere vurde sjølv, men eg frykta at ho vil bli fryktelig sint på meg når ho finner det ut, før eller seinare vil ho jo det så eg kan kanskje ta støyten med ein gang, men da er det ikkje sikkert at eg kan fortsette å blogge er det det Norge og Verden ønsker?). Dear World do you still want me to blogg?

Her er bildet eg har av kolegaen ( beklager veldig at eg ikkje har spørt deg før eg la det ut).

Eg er veldig glad i Adobe Photoshop så eg bruker det programmet til å bearbeide bildet.  Under oppskrifter ser dere ein kjapp prosedyre for hvordan man kan gjere eit bilde vevbart.

 

Eg fant ein hatt på nettet som eg synest såg fin ut og satte den på hodet til kolegaen etter å ha justert størrelsen og brukt cutout filteret på den.  Eg la også på ny bakgrunn da eg synest den var veldig bråkete den bakgrunnen som var der fra før.  Bildet blir ikkje større enn 50-60X30-40 cm.

Når det gjelder det å finne elementer som man ønsker i bildet sitt så kjem utrulig mykkje opp når man søker etter det i Google.  Ein annan plass som er kjempe bra er wiki-art http://www.wikiart.org/

eva8 Eva9

Eg synest den blå-varianten var best men eg trur også den vil bli litt bråkete. Kolegaen er ei konservativ dame som eg trur ville ha valgt ein meir nøytral hatt. (men det hender jo at ho overraska rett som det er)

Eg har også forandra fargen på ansiktet og klærne ut ifra kva vev-garn eg har.

eva10

Kanskje blir denne varianten best.

Eg brukar faktisk 6 fargetoner på ansiktet hennar håper ikkje alt blir berre rot kanskje er eg nødt til å lage ho større enn eg hadde tenkt, eg må studere mønsteret.
Fargepaletten til garnet eg trenger for å veve Eva er valgt ut.  Garnet har mykkje sterkare og flottare farger en det bildet viser.  Eg kjøpte garn på MAS http://www.mas-s.no/ (nå er det nokk berre vi som går der som får lov til det)   ellers pleier eg å gå på husfliden.  Man kan også bestille vev-garn på nettet, dersom man skal ha litt vil nokk det lønne seg.  Eg er veldig glad i 2-trådet vevgarn med spelsau-ull fordi den er glansfull og relativt stiv men teoretisk kan man veve med kva som helst.  Når det gjelder det å hente inspirasjon til sine veve bilder så har vi ei veldig god norsk side her http://www.absolutetapestry.com/nb/  (det skulle man ikkje ha trudd utifra kva den heiter).  Ein annan kjempe bra amerikansk side er: http://americantapestryalliance.org/  Ellers kan man jo berre gå ut i naturen eller kor som helst og ta eit bilde som man så lar Photoshop gjære litt magi på.

.fargeeva veven

Nå er det like før eg er ferdig med eit bilde eg har holdt på med i eit halvt år.  Det er eit bilde av ei rar krukke som Erik lagde på ungdomskulen. (Det er for øvrig den samme krukka eg har plassert i bildet på toppen av sida)  Vel uansett på mitt veve bilde så har eg plassert nokre poteter på ein strikkepinne som eg  har satt ned i krukka og fotografert.  Dette har eg da vidare manipulert i Photoshop slik at det har blitt vevbart.  Eg må bli ferdig med det før eg kan begynne på Eva, når eg blir ferdig med det kjem eg til å legge det under billedvev-sida.  (Samboeren min meinar at eg bør sende det til mammaen min, eg trur at han fryktar at eg skal henge det opp heime hoss oss, kanskje eg skal gi det i julegave til han hm…)

Nå har eg endelig blitt ferdig med potetbildet.

renning av vev  Eg er klar for å renne veven til bildet med kolegaen.  Eg har eit stativ som er ganske hendig til renning av veven   men man må ikkje ha det.  Man renner slik at bildet blir liggande på midten av ramma.  Bildet blir 31 cm x  44 cm.

Her er bøker som er meir utfyllande som man får lånt på biblioteket (eller kjøpt).

 

 

 

 

 

Bildet under viser det ferdige mønsteret i riktig størrelse.  Eg har tilgang til laserprinter difor har eg berre klippa og limt mønsteret direkte.  Dersom man har blekk printer bør man dekke bildet med gjennomsiktig kontaktpapir så ikkje bildet farga av på tråden.  Eg har tegna kontur rundt dei ulike fargane med ein svart sprit tusj så det er lettare å skille ganske like fargetonar.  Nederst på renninga pleier eg å bygge opp renninga med to striper med tjukt papir (bretta sammen i mange lag) før eg vever med renningstråd fram og tilbake 10x. Eg setter så inn ein skillepinne som eg bruker å dra i når eg drar fram veven.  Vever så på nytt med renningstråd 10x fram og tilbake før eg avslutter med soumak kant.

oppskrift

teknikk

Soumak kanten gir ein god støtte når man begynner å veve med ullgarnet.  Plansjen over viser litt forskjellige teknikkar.

teknikk4

 

 

 

 

 

Dette har eg kanskje brukt 4 timar på.  Eg synest rød-lilla fargane blir nydelige sammen, dette blir gøy-

 

Vel det er fortsatt gøy men eg synest at skyggane gjorde hudfargen veldig mørk, eg kan ikkje sjå at eg har noko anna alternativ enn fortsette etter planen og nå går eg inn i dei vanskelige partia.

eva-4

 

 

 

 

 

 

By irenhobbykunst

Hei Eg har lyst å blogge litt om kunst eg likar og mine hobbyer som er forming, veving, pappmasje, strikking , hekling og generelt tekstil bilder med ulike matrialer. Eg legger også inn tips og oppskrifter på diverse.

3 replies on “Kjempegod kolega”

Hei Iren, ja jeg følger med på bloggen din

Spennende å se hvordan du jobber

irenhobbykunstsays:

Hei Marit, takk for kjekke kommentarer. Nå trur eg at eg skjønte det med med å legge inn kommentarer 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.