Categories
vev

Bilde A

Nå er eg midt i vevinga med lilla og eg funderer på om eg har nokk garn til å fullføre.  Det er restegarn eg brukar så eg tvilar på om eg klarer å få akkurat make i butikkane i dag (vel kanskje uansett ikkje i dag sidan det er søndag).  Får improvisere.  Eg må bli ferdig til november.  Når eg tar bilde av lilla så gjengir fotoapparatet bildet i blått så eg har justert tilbake fargen til lilla igjen i Photoshop.  Det er vanskelig å gjengi intensiteten på fargane vha. bilde.

a-bildet4

Categories
vev

Frøken B ut av ramma

Eg har i ein periode nå vevd ein variant av Nikolai Astrup sitt bilde, Frøken B.  Sjå under sida Kunst.  I går tok eg bildet ut av vevramma.  Bildet under viser da baksida på bildet, forsida vil være mykkje finare men eg synest bildet ser lovande ut, eg kjem muligens til å justere litt på augene da eg syntest der var litt mykkje kvitt i dei.  Eg kjem til å legge ut det ferdige bildet under billedvev når eg har fått festa alle trådane laga flettekant og satt på kantband.

frøkenb-kopi2

Categories
vev

A-bildet

Eg har rydda i strikkegarna mine det har resultert i at eg har samla 3 store plast beholdara med garn, svart kvitt, blått grønt og gult rødt.  Nå er det evighet sidan eg strikka så eg kunne tenke meg å bruke garnet til å veve med.  Så eg har satt i gang å veve (billedvev) bildet under som er sjølvkomponert(60 x 105 cm).  Eg holder samtidig på med Frøken B og eg må nokk sei at så langt er det mykkje meir behagelig å veve med 2tråder spelsau-ull garn enn elastiske strikke garn.  Nå har noko av garnet som eg vever med litt morsomme effekter så eg skal fullføre, håper ikkje bildet berre snurpar seg sammen når bildet kjem ut av ramma som renninga står i spenn under.

gr30

Vel nå har eg vevt ei stond med rare garn, bomullsgarn, mohair, ull, syntetisk.  Eg synest det går greit, det er gøy å sjå effekten det får, eg må berre være ekstra oppmerksom med å stramme garnet akkurat passe . Pr 08.09-2015 ser A bildet slik ut  (eg følger ikkje heilt oppskrifta).

a-bildet

Eg har satt sammen mønster og det vevde bildet så langt (13.09-15) .  Eg gler meg til å veve med sjokk-lilla.  Ellers er nokk det vevde bildet litt blassere enn det virkelige bildet.

a-bildet3

 

Categories
vev

Status for frøken B og Eva

Eva sammen med bagasjen er komt til rette i god behold.  Så nå vil eg oppbevare billedvev bildet av Eva på eit trygt sted fram til overleveringsdagen.  Håper ho vil like det.  Kanskje får eg lov å legge ut eit bilde av Eva (den originale Eva) sammen med bildet når den tid kjem.

Min vevde frøken B vil bli ganske forskjellig i forhold til Nikolai Astrup sin frøken B men det er kanskje like greit.

frøkenb-kopi

Categories
vev

Eva, kjempegod kolega er ferdig men forsvunne.

Billedvev-bildet av Eva vart med til Italia (Sorrento).  Der rakk eg å gjære ferdig bildet dvs. feste alle 10000 trådane samt lage flettekant og sette på band med borrelås til feste på plate seinare.  Bildet under viser det ferdige resultatet med Vesuv i bakgrunnen.

evasorrento

Problemet er at her og nå veit vi ikkje kor Eva befinner seg.  Kofferten med Eva har vi ikkje fått igjen etter flyturen heim.  Håper virkelig at den blir spora opp, kjem tilbake med meir informasjon når eg veit meir.

Categories
vev

Dagens løvetann

løvetann4

Du som asfalten sprenger

Du som har den styrke jeg så sårt trenger

Du løvetann har vist meg at det umulige går and.

(Fra Marit :-), forfatter ukjent)

Categories
vev

Frøken B, nytt billedvev prosjekt.

Eg er ikkje heilt ferdig med Eva (kjempegod kollega).  Men det kjem eg tilbake til ved ein seinare annledning.  Der var 10 000 tråder (trur eg) å belegge og så må eg montere på band med borrelås på baksida som eg skal bruke til å feste vevnaden til ei plate.  Dette vil eg som sagt komme tilbake til.  I mellom tida har eg nå starta opp med Frøken B av Nikolai Astrup.  Originalen har eg ein kopi av under kunst sida der er også vidare link til fleire Astrup bilder.

Min vevbare variant med utplukka garn som skal brukast ser ut som nedanfor.  Eg har bestemt meg for å bytte ut, delvis, den mørkegrønne bakgrunnen med mørkeblå, eg er spent på om det vil bli like bra.  Eg hadde ikkje den mørkegrønne som passa dessutan så er det vel greit at denne vevnaden får sine egne fargar i forhold til originalen.

np1

Min variant blir 69x43cm dvs. atskillig større enn originalen som er på  36,3 x 23 cm

Når eg skal lage mønsteret til eit slikt bilde så bruker eg Photoshop, ein oversikts oppskrift på det står beskrevet under sida: oppskrifter.  Sidan printeren vår klarer berre å printe ut A4-sider må eg printe ganske mange sider for å dekke heile bildet.  Så er det litt puslespill med saks og tape for at alle bitane skal passe.  Når det ser bra ut tapest alle kanter både på forsida og baksida så kantane ikkje vil hekte seg opp i renninga når vi trer plansjen inn mellom renningane, sjå bildet nedanfor.

np-frøkenb np-frøkenb2

Så langt har eg komt:

np-6

Håret hennar vil glitre da ag har lagt inn kobbertråd sammen med den lysaste brunfargen (lokkane).

Categories
vev

Løvetann (Taraxacum officinale)

Denne løvetannen sto lagelig til for fotografering og bildebehandling til vevbart format.

 løvetann5

Litt om planten, teksten under er kopiert direkte fra: http://no.wikipedia.org/wiki/Vanlig_l%C3%B8vetann

Navnet «løvetann» kommer fra gammelfransk dent-de-lion, som bokstavelig oversatt betyr «tann-av-løve». På norsk er ordene byttet om, slik at man får «løvetann». På engelsk heter løvetann dandelion, en anglifisering av dent-de-lion.

Det moderne franske navnet på løvetann er pissenlit (= piss-i-seng), fordi planten virker vanndrivende. Linné poengterte bivirkningene av å spise løvetannsalat, «hvorfor Hollenderne ey gierne giver sine Børn den om Aftenen, paa det de ey maae pisse i sengen.» Det latinske navnet Taraxacum skal stamme fra et arabisk ord for sikori, mens leontodon er gresk for «løvetann». På norske dialekter finnes navn som «gullbaust», «lekkjeblom», «koppeloppe». På dansk heter løvetann Fandens mælkebøtte, på svensk maskros

Da veit vi det 🙂

Categories
vev

Forglemmegei

Vel her er vel sånn ca. 1000000 stilige bilder med Forglemmegei på Google så da passer det bra at her kjem ein variant til.  Fordelen denne har i forhold til mange av dei andre er at denne er tilrettelagt for å veve i tillegg har den små fluer på seg som ser ut til å være veldig glad i blomsten 🙂

forglemmegei

Categories
vev

Ferdig (vertfall nesten)!

Eg har endelig komet til sluttfasen av veve-prosessen. Eg avsluttar med ein soumac kant og 10+4 omg. der eg vever med med renning tråd.

eva-2504

Så løsner eg opp i stramminga av veven, knyter opp endetrådane og klipper av.

eva-2506 eva-2507

 

Hurra!!!!

Min kjempegode kollega er ferdig vevd, Korleis vart resultatet?

eva2508b

Vel nå er det baksida vi ser her pga. på forsida er det fullt av tråder og eg har det med å jukse litt på baksida så den er ikkje like fin som forsida. Bare vent når alle trådane er belagt.

Utover det er synest eg at resultatet er OK bortsett frå augene. Her må eg bytte ut dei vevde fargane med ein valør som passar betre. Auget til høgre var for lyst og det til venstre var for mørkt.

eva-2509

Under kan vi sjå resultatet etter at eg bytta ut og vevde med ei nål (med butt spiss) med ny farge på begge augene.

eva-2513

Nå gjenstår det berre å sjå korleis framsida ser ut etter at eg har fått festa alle trådane. Da får vi også speilvende ho tilbake til naturlig possisjon.  Men til nå så synest eg det ser bra ut.  Er fryktelig spent på kva Eva seier når ho ein gang får sjå det.  😉

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.