Bloggnorge.com // Iren Hobby Kunst
Start blogg

Iren Hobby Kunst

Tro på ein god jord for alle

Billedvev

Har kjøpt veve garn på Finn fra Nina I Trondheim.  Det var kjempefine garn spesielt lingarnet som hadde ein glans som silke.  Har nå laga fleire bilder der eg har brukt av dette garnet.

Bildet gule bobler er eit av dei.

 

Nora og Sondre har flytta sammen og de fikk da bildet under som Nora plukka ut.

 

Orginalen som vi henta ideen fra er bildet under.  Men eg kan ikkje huske kven som har laga det.  Kanskje er det nokon som veit det og som kan fortelle meg det?

 

Her er nokk eit bilde som kanskje var opphavet til bildet over.  Dette fant eg under ein artikkel om fenomenalisme. Kven som er opphavspersonen til bildet er eg usikker på.

 

Her min variant av sort sol, Lilla sol av Iren

 

Under er sort sol av Gunnar S Gundersen

stolper

Inspirasjon til dette siste bildet har eg fått fra Anna-Eva Bergmann.

anna-eva-bergman-1

Planet X

Her er det brukt tråd av ulike kvaliteter, også glinsande tråd.  Vanskelig å få fram på bildet.

planetxy

 

Grønn-varianter

grønn

Rød-grå varianter

mosaikk6

Mosaikk bilde:

Her har eg brukt restegarn i forskjellige kvaliteter, den vart OK

mosaikk5

Originalen som har vert inspirasjonskilden ser slik ut:

charmion-mosaic

Bilde Aa-bildet7b

Det var vanskelig å få fram på bildet dei fargane som er på veggteppet/bildet,  bunnen er bl.a mørk grønn.

Var også redd for at bildet skulle snurpe seg sammen da eg har brukt garnkvalitetar av ymse slag.  Så langt ser det OK ut.

‘Frøken B’

'Frøken-B'-IrenS

‘Frøken B’ (kopi) vart nok ikkje heilt lik Frøken B av Nikolai Astrup men det var nok heller ikkje å forvente,  dette bildet er jo vevd.

Under viser orginalen av Nokolai Astrup som er brukt som ‘mal’.  I mitt bilde har eg tatt krøllane fra grafikk-bildet (Nikolai Astrup) og lagt over mitt bilde som eg har komt fram til vha. Photoshop.  Link til andre Astrup bilder finnar man under kunst sida.

portrettavfrokenbsunnfjordjente

Sjå under oppskrifter for ein kortfatta prosedyre på korleis man lagar ‘vev-bart-mønster’ vha. Photoshop.

Eva

Eva-vevd

Dette vevde bildet skal Eva få som ein overraskelse når ho går av som pensjonist (håper ho vil like det).

Potetbildet

potet3

Det er den same vasen som man kan sjå på frontbilde sammen med gravemaskina.  Det er ein vase som Erik lagde på barneskulen og som eg har satt nokre poteter i vha. ein strikkepinne.  Størrelsen på bildet er 1 m X 69 cm.  Inspirasjonskilda til dette potetbildet er Pablo Picasso sitt bilde:  Still life with pitcher and Apples funnet på Wiki art (http://www.wikiart.org/en/pablo-picasso/still-life-with-pitcher-and-apples-1919)

108 picasso

Det aller første bildet eg laga var dette.  Eg starta på eit kurs hos Rigmor Bové i regi av husfliden, det var veldig kjekt å veve hos henne.  Bilda hennar finnar man under linken http://www.absolutetapestry.com/nb/.  Mitt bilde er ein kopi av eit mosaikk bilde men eg veit dessverre ikkje navnet på kunstneren.

mitt nr 1

Dette bildet var det første bildet eg vevde på MAS.

3-musikanter Iren S

Orginalen befinner seg på MoMa( http://www.moma.org/ ) i New York, vi var der i fjor og bildet var gigantisk stort.  Det heter Tre musikanter og er laga av Picasso.  Det var vanskelig å veve mitt bilde fordi det var så mange små detaljar eg måtte få inn på eit veldig lite areal da det var ein relativ liten vev eg vevde bildet på.

3-musikanter Picasso

Barna (eller ungdommane) og kusina til barna har også blitt foreviga med tråd, sjå under oppskrifter mhp. prinsippet for å omdanne eit foto til vevbart mønster vha. Photoshop.

Eg fikk tillatelse fra alle tre før eg la ut dette bildet

ungane

 

Her er eit bilde eg har komponert sjølv.

vikingb

Kan det ligne på eit vikingskip, vulkan eller kanskje ein sopp på hodet.

 Eg har ein rammevev på ca. 80 cm som eg kjøpte på http://www.finn.no/ for 500 kr.  Den har eg hatt (og har fortsatt) stor glede av.  Eit av dei første dvs. det andre bildet eg vevde på den er bildet under.  Det er eit utsnitt fra bildet Trojansk hest av Hannah Ryggen. Dette bildet var relativt lett å veve grunnen til det er at Hannah Ryggen brukte ikkje mønster når ho vevde så vevinga feller seg på ein måte naturlig, eg har valg å gi kopien blå og ikkje røde øyne.   Andre bilder av Hannah Ryggen finner man på Nordenfjeldske kunstindustrimuseum: http://nkim.no/hanna-ryggen-senteret/

Fram til 4. oktober foregår der nå ein utstilling av ein del av teppene til Hanna Ryggen. ‘Hannah Ryggen. Verden i veven’,  12. juni 2015–4. oktober 2015, Nasjonalgalleriet http://www.nasjonalmuseet.no/Hannah+Ryggen.+Verden+i+veven.b7C_wlfIZX.ips

Vil sterkt anbefale å ta ein guida tur dit.  Det er fantastiske historier som ligger bak teppene.

Kopi av eit utsnitt fra Hannah Ryggen sitt bilde under

Kopi fra Hannah Ryggen Trojansk Hest. Iren Sefland

Hanna Ryggen Trojansk hest.

Hanna Ryggen Trojansk hest.

Annonser

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Drevet av Lykke Media AS | PRO ISP - Webhotell & domene
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge.[dått]com.