Eg har rydda i strikkegarna mine det har resultert i at eg har samla 3 store plast beholdara med garn, svart kvitt, blått grønt og gult rødt. Nå er det evighet sidan eg strikka så eg kunne tenke meg å bruke garnet til å veve med. Så eg har satt i gang å veve (billedvev) bildet under som er sjølvkomponert(60 x 105 cm). Eg holder samtidig på med Frøken B og eg må nokk sei at så langt er det mykkje meir behagelig å veve med 2tråder spelsau-ull garn enn elastiske strikke garn. Nå har noko av garnet som eg vever med litt morsomme effekter så eg skal fullføre, håper ikkje bildet berre snurpar seg sammen når bildet kjem ut av ramma som renninga står i spenn under.
Vel nå har eg vevt ei stond med rare garn, bomullsgarn, mohair, ull, syntetisk. Eg synest det går greit, det er gøy å sjå effekten det får, eg må berre være ekstra oppmerksom med å stramme garnet akkurat passe . Pr 08.09-2015 ser A bildet slik ut (eg følger ikkje heilt oppskrifta).
Eg har satt sammen mønster og det vevde bildet så langt (13.09-15) . Eg gler meg til å veve med sjokk-lilla. Ellers er nokk det vevde bildet litt blassere enn det virkelige bildet.
2 replies on “A-bildet”
Sååå bra og spennende, Iren :)))
Takk Lise :-), det at eg brukar dei fargane som bildet viser skyldest kanskje først og fremst at eg har garnet med desse fargane for eg er nokk litt i tvil sjølv på motivet men eg trur det kan bli bra og eg er overbevist (til det motsatte er bevist) om at desse strikkegarna bør kunne brukast.