Categories
vev

Frøken B, nytt billedvev prosjekt.

Eg er ikkje heilt ferdig med Eva (kjempegod kollega).  Men det kjem eg tilbake til ved ein seinare annledning.  Der var 10 000 tråder (trur eg) å belegge og så må eg montere på band med borrelås på baksida som eg skal bruke til å feste vevnaden til ei plate.  Dette vil eg som sagt komme tilbake til.  I mellom tida har eg nå starta opp med Frøken B av Nikolai Astrup.  Originalen har eg ein kopi av under kunst sida der er også vidare link til fleire Astrup bilder.

Min vevbare variant med utplukka garn som skal brukast ser ut som nedanfor.  Eg har bestemt meg for å bytte ut, delvis, den mørkegrønne bakgrunnen med mørkeblå, eg er spent på om det vil bli like bra.  Eg hadde ikkje den mørkegrønne som passa dessutan så er det vel greit at denne vevnaden får sine egne fargar i forhold til originalen.

np1

Min variant blir 69x43cm dvs. atskillig større enn originalen som er på  36,3 x 23 cm

Når eg skal lage mønsteret til eit slikt bilde så bruker eg Photoshop, ein oversikts oppskrift på det står beskrevet under sida: oppskrifter.  Sidan printeren vår klarer berre å printe ut A4-sider må eg printe ganske mange sider for å dekke heile bildet.  Så er det litt puslespill med saks og tape for at alle bitane skal passe.  Når det ser bra ut tapest alle kanter både på forsida og baksida så kantane ikkje vil hekte seg opp i renninga når vi trer plansjen inn mellom renningane, sjå bildet nedanfor.

np-frøkenb np-frøkenb2

Så langt har eg komt:

np-6

Håret hennar vil glitre da ag har lagt inn kobbertråd sammen med den lysaste brunfargen (lokkane).

By irenhobbykunst

Hei Eg har lyst å blogge litt om kunst eg likar og mine hobbyer som er forming, veving, pappmasje, strikking , hekling og generelt tekstil bilder med ulike matrialer. Eg legger også inn tips og oppskrifter på diverse.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.